Opening Reception: Thirsday, May 28, 18:00–21:00
Entrée, Markeveien 4b,
Bergen
Entrée er stolte over å presentere separatutstillinga Dagar i skiftande ljos av Magnar Moen, under Festspillene i Bergen. I denne utstillinga visar han nye kolteikningar i stort format. Moens praksis er tufta på ei livslang utforsking av strek, materiale og persepsjon, med kol som hovudmedium.
Arbeida til Moen oppstår i eit samspel mellom kropp, rørsle og konsentrasjon. I atelieret sitt utviklar han eit direkte, lyttande forhold til materialet. Særskilt er han oppteken av streken, som han skrildrar som ei kime til skaping, til å tenke, handle og fantasere utanfor det naturgjevne. Streken kan ha eit opphav ukjent for oss, men den har sin plass i medvitet og let seg verte ei forlenging av handa. Slik kan den leie merksemda mot det ukjende og uføreseielege.
Det som skjer på papiret, kan treffe som ei sanseleg erfaring i augneblinken, eller peike attende på noko ein tidlegare har erfart. Teikningane til Moen ber spor av ei open og intens skaping – ei balansering mellom struktur og fridom, mellom stillheit og rørsle.
Magnar Moens arbeid handlar om prosessar, der ulike svarte materiale som kol, grafitt og spinellsvart, står sentralt. Dette har gjeve han nye idear om kva teikning kan vere, og utvida forståinga av kva streken er, og kva den kan gjere. I det svarte fins volum, kraft og tyngde som gjev umiddelbare resultat i møte med eit kvitt papir.
Ein seier ofte at svart ikkje er ein farge, men ein eigenskap i fråvere av ljos. På denne måten vert det svarte sjølvrefererande, det er ikkje assosiasjonsskapande slik ein farge kan vere. For Moen ligg det ein fridom i dette. Det opnast eit rom der merksemda vert retta mot sjølve prosessen. Her vert den fysiske handlinga og dialogen med papiret avgjerande. Om det mislukkast gong etter gong, lever trua og gleda vidare i det å sjå nye moglegheiter i teikneprosessen.
Magnar Moen (f. 1945, Trøndelag) er ein biletkunstnar basert i Bergen. Han har si utdanning frå Bergens Kunsthandverksskule og 1 år som hospitant ved Vestlandske Kunstakademi. Sidan 1970-talet har han arbeidd med teikning og har hatt ei rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Galleri Langegården, Haugesund kunstforeining, Nord-Trøndelag fylkesgalleri og Bergen kunstforeining. Arbeida hans er innkjøpte av fleire offentlege samlingar, mellom anna Kode, Bergen Kommune, Levanger Kommune, Haugesund Billedgalleri, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Nordtrøndelag Fylkesgalleri og Norsk Kulturråd, og han var seinast representert i 40-årsjubileumsutstillinga til USF Verftet i 2024.
/// ENGLISH ///
Entrée is proud to present the solo exhibition Dagar i skiftande ljos (Days in Changing Light) by Magnar Moen, coinciding with the annual Bergen International Festival. In this exhibition, he presents new large format charcoal drawings. Moen’s practice is rooted in a lifelong exploration of line, material, and perception, with charcoal as his primary medium.
Moen's work emerge through an interaction between body, movement and concentration. In his studio he develops a direct, attentive relationship with the material. He is particularly fascinated by the line, which he describes as a seed for creation, for thinking, acting and imagening beyond what is given by nature. The line can have an origin unknown to us, yet it has its place in consciousness and becomes an extension of the hand. Through this, it can direct attention towards the unknown and unpredictable.
What happens on the paper may strike as an immediate sensory experience, or point back to something one has previously experienced. Moen's drawings bear traces of an open and intense creation – a balance between structure and freedom, between stillness and movement.
Magnar Moen's work is about processes, in which various black materials such as charcoal, graphite and spinel black play a central role. This has given him new ideas about what drawing can be, and expanded his understanding of what the line is, and what it can do. In black material there is volume, power and weight that give immediate results when faced with white paper.
It is often said that black is not a color, but a property in the absence of light. In this way, the black becomes self-referential, it is not associative in the way a color can be. For Moen there is a sense of freedom in this. It opens up a space where attention can be directed towards the process itself, and the physical action and dialogue with the paper become decisive. Even if things fail over and over, faith and joy persist in discovering new possibilities within the drawing process.
Magnar Moen (b. 1945, Trøndelag) is a visual artist based in Bergen. He was educated at the Bergen School of Arts and Crafts and 1 year as a visiting student at the Vestlandske Kunstakademi. Since the 1970s, he has worked with drawing and has held numerous solo exhibitions, including at Galleri Langegården, Haugesund Art Association, Nord-Trøndelag County Gallery, and Bergen Art Association. His works have been acquired by several public institutions such as Kode Art Museum, Levanger Municipality, Haugesund Billedgalleri, Sogn og Fjordande Art Museum and the Norwegian Art Council, and he was most recently represented in the 40th anniversary exhibition at USF Verftet in 2024.