Velkommen til gjennomlytting av verket Plommehagepartitur – Oår, av Mari Kvien Brunvoll og Elida Brenna Linge, utgitt på Breton Cassette. Det blir innslag av Mari Kvien Brunvoll og servering med kake og kaffi!
Plommehagepartitur – Oår er ei visuell og lydleg framstilling av ein gitt plommehage på Linge på indre Sunnmøre. Den visuelle delen er ei enkel skjematisk framstilling av ei arbeidsøkt i plommehagen på Linge i oåret 2022, risoprinta på brukte A4-ark frå arkivet på garden. Teikninga og kassetten ligg i eit etui laga av plommetre frå garden til Elida. Den lydlege delen er ulike komponerte satsar som refererer til teikningane Elida har laga av plommehagen opp gjennom åra og inntrykk frå den gitte plommehagen. Musikken er hovudsakleg basert på stemma og pusten til Mari Kvien Brunvoll – både som rein stemme, men og bearbeidd til det nesten ugjenkjennelege. I tillegg høyrest djupe analoge synthlydar og opptak av harpeleik-klangar. Plommehagepartitur har vore eit samarbeid mellom Elida Brenna Linge og Mari Kvien Brunvoll sidan 2018. Det har hatt mange former, mellom anna ein større romleg installasjon som bestod av 30 teikningar og eit åtte kanals lydverk, utstilt på Tegnerforbundet i 2021.
Elida Brenna Linge er både biletkunstnar og fruktbonde, med utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen, HGB Leipzig og Hjeltnes Gartnarskule. Ho driv odelsgarden på Linge på indre Sunnmøre, og har dei siste åra brukt praksisen som bonde og staden ho bur på aktivt i kunstnarskapen.
Mari Kvien Brunvoll er sangar og electronica-artist, oppvakse på Harøya i Møre og Romsdal, men held idag til i Bergen. Ho har i løpet av dei siste åra blitt lagd merke til på festivalar i Norge og internasjonalt, med sitt særeigne soloprosjekt, der stemma er akkompagnert av små elektroniske og akustiske instrument, med klare inspirasjonar frå jazz, pop og folkemusikk.
Breton Cassette held til i Oslo og vart grunnlagt av Pernille Meidell i 2019. Ho publiserer sjangeroverskridande lydprosjekt på kassett og ivaretek og formidlar eit bredt spekter av uttrykk og prosjekt. Breton Cassette samarbeider med utøvarar som arbeider med musikk og lyd separat eller som en inkluderande del av deira biletkunst prosjekt. Kassettutgjevingane kjem med ei visuell pakke, der kunstnarane får utrykt andre sider av lydverka.
Musikk av Mari Kvien Brunvoll Kunstverk av Elida Brenna Linge Plommetre etui av Einar Waldal (laget av plommetre fra Elidas hage) Mikset av Mari Kvien Brunvoll og Anders Bjelland Mastret av Adam Badí Donoval Fotodokumentasjon av Erik Mowinckel Risoprinta hos Pamflett Plommehagepartitur -Oår er støttet av NBK og Kulturrådet
Kunstbokhandel Under Press. Foto: Mario de la Ossa.
Kunstbokhandel Under Press er eit samarbeid
mellom Entrée og Pamflett. Kunstbokhandelen er ein stad for unike samlingar og
eit voksande utval nyinnkjøpte publikasjonar frå småforlag og kunstnarar, med aktivitetar
som produksjonsverkstad, workshoper og lanseringar. Vi inviterer gjennom
perioden lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar og formidlingsaktørar
til Bergen for å dele erfaringar, utvikle nye strategiar for formidling, samt
diskutere bokhandelens rolle og ansvar i kunstbokfeltet.
Kunstbokhandelens opningstider er torsdag-søndag frå 12-18. Følg oss på sosiale
medier for informasjon om kommande boklanseringar, seminar, konserter, og nyheitsbrev!
Kunstbokhandel Under Press er støtta av Kulturrådets pilot for formidling og
distribusjon av kunst- og kunstnarbøker.