Opening Reception: Friday, January 23, 18:00–21:00
Entrée, Markeveien 4b,
Bergen
Entrée er stolte over å presentere Ljospost, Marthe Minde si første separatutstilling i Bergen. Utstillinga viser nye verk der tekstilkunsten vert strekt ut i det skulpturelle og det lyriske. Med røter i Vestland, og med tråden som både reiskap og tankefigur, utviklar Minde eit kunstnarisk språk som bind saman materialkunnskap, eksistensiell erfaring og tilhøyrsle.
I 1897 tek Frida Hansen patent på ein vevteknikk på oppstadvev som vert kalla transparentteknikken. Ved å nytta ei ullrenning og la delar av renningstrådane stå uvovne skapar ho vevnadar der ljoset får trengja gjennom. Inspirert av Hansen sin teknikk og kunstnarskap har Marthe Minde dei siste ti åra utforska ulike teknikkar for å veva tredimensjonalt og transparent i ein manuell flatvevstol.
I utstillinga på Entrée vev Minde uteljosa ho ser frå kjøkkenglaset i barndomsheimen. Den eine lykta heng på ein vegg under eit takoverheng, den andre står på ei steinsøyle. I dei vovne verka er veggen viska vekk, og berre toppen av steinsøyla heng att. Arbeida fungerer som varsame undersøkingar av tilhøyrslas grenser, og det som går tapt i minnet – men som igjen finn att si form gjennom handa.
Lyktene er vovne flatt og kan faldast ut til eit romfang når ein løyser dei frå vevstolen. Materialet er handspunnen, svart spælsauull. Lykteglasa og delar av ulla er dekte av grankvae. Renningstrådane objekta er vovne av, omsluttar dei lik eit slør av tungt vestlandsregn. Tynne trådar held det heile og kviskrar om den skøyre tilhøyrsla.
Tittelen Ljospost kan lesast på fleire måtar. Ordet post kan visa til ein stolpe, ei støtte, ein tilvist stad for vaktteneste, eller noko ein får tilsendt. I ein avisartikkel om ei redningsøving av Røde Kors vert ordet lyspost nytta: «Jeg satt på lyspost fra klokken fire i natt til åtte i dag morges. Da sitter vi og med lys, slik at savnede kan se oss hele natten».
Verka i denne utstillinga er ein del av Marthe Minde sitt pågåande doktorgradsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo. I doktorgraden leitar ho etter nye teknikkar for å veva tredimensjonalt, ho utforskar lokalt vevmateriale, og ho undersøkjer lyriske tekstar i møte med vovne verk. Rokk og flatvevstol er hovudreiskapane hennar, og materialbruken er tett knytt til landskapet ho kjem frå. Ho sirklar seg inn på barndomsdalen og leitar etter nytt vevmateriale i vegkanten, skogen og badevatnet. Ho grev opp røter, flettar siv, spinn ull og sankar kvae. Dei lokale materiala tek ho med seg inn i vevstolen og byggjer lag på lag. Med formskorne treplater, oppkutta vevskeier og spennreimer lagar ho lommer og pressar inn ulike former i vevnadane.
Doktorgradsprosjektet er eit eksperimenterande og undersøkjande arbeid som testar grensene for kva ein kan få til med fleirlagsveving. Prosjektet byggjer på vevteknikkar Minde har utvikla tidlegare, og gjennom doktorgraden søkjer ho nye teknikkar og fremjar problemstillinga: Korleis kan ein utvikla tredimensjonal veving og skapa nye visuelle uttrykk med ein manuell flatvevstol?
Marthe Minde (f. 1984, Bergen) er stipendiat i Kunstnarleg utviklingsarbeid innan tekstilkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Ho har ein mastergrad i Medium- og materialbasert kunst (KHiO) og ein bachelorgrad i Kles- og kostymedesign (KHiO). Minde har hatt separatutstillingar ved Galleri Format, Galleri Hans og Trafo Kunsthall, og delteke i gruppeutstillingar som Generation Why i Rundetårn i København og Risør Kunstpark, Kunst·Hånd·Verk og Jeg kaller det kunst ved Nasjonalmuseet og Hannah Ryggen Triennale i Trondheim. Arbeida hennar er innkjøpte av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Nasjonalmuseet i Oslo.
---
Entrée is proud to present Ljospost, Marthe Minde’s first solo exhibition in Bergen. The exhibition features new works in which textile art is extended into the sculptural and the lyrical. Rooted in Western Norway, and with thread as both tool and conceptual figure, Minde develops an artistic language that brings together material knowledge, existential experience, and belonging.
In 1897, Frida Hansen patented a weaving technique for the upright loom known as the transparent technique. By using a wool warp and leaving parts of the warp unwoven, she created textiles through which light could pass. Inspired by Hansen’s technique and artistic practice, Marthe Minde has spent the past ten years exploring different methods for weaving three-dimensionally and transparently on a manual floor loom.
In the exhibition at Entrée, Minde weaves the outdoor lights she sees from the kitchen window of her childhood home. One lantern hangs on a wall beneath an overhanging roof, the other stands on a stone pillar. In the woven works, the wall has been erased, and only the top of the stone pillar remains. The works function as gentle investigations into the boundaries of belonging, and into what is lost in memory—yet finds form again through the hand.
The lanterns are woven flat and can be unfolded into spatial forms once released from the loom. The material is hand-spun black Spælsau wool. The lantern glass and parts of the wool are coated with spruce resin. The warp threads from which the objects are woven envelop them like a veil of heavy Western Norwegian rain. Thin threads hold everything together, whispering of fragile belonging.
The title Ljospost can be read in several ways. The word post may refer to a pole, a support, an assigned position for keeping watch, or something one receives. In a newspaper article about a Red Cross rescue exercise, the term lyspost is used: “I sat at a light post from four o’clock last night until eight this morning. We sit there with light, so that those who are missing can see us throughout the night.”
The works in this exhibition are part of Marthe Minde’s ongoing doctoral project at the Oslo National Academy of the Arts. In her PhD, she searches for new techniques for three-dimensional weaving, explores local weaving materials, and investigates lyrical texts in dialogue with woven works. The spinning wheel and the floor loom are her main tools, and her use of materials is closely tied to the landscape she comes from. She circles back to the valley of her childhood, searching for new weaving materials along roadsides, in forests, and in swimming spots. She digs up roots, braids rushes, spins wool, and gathers resin. These local materials are brought into the loom and built up layer by layer. Using shaped wooden plates, cut weaving reeds, and tension straps, she creates pockets and presses various forms into the textiles.
The doctoral project is an experimental and investigative practice that tests the limits of what can be achieved through multi-layer weaving. It builds on techniques Minde has developed earlier, while seeking new methods and advancing the central question: How can three-dimensional weaving be developed, and how can new visual expressions be created using a manual floor loom?
Marthe Minde (b. 1984, Bergen) is a PhD fellow in Artistic Research in textile art at the Oslo National Academy of the Arts (KHiO). She holds a Master’s degree in Medium- and Material-Based Art (KHiO) and a Bachelor’s degree in Fashion and Costume Design (KHiO). Minde has held solo exhibitions at Galleri Format, Galleri Hans, and Trafo Kunsthall, and has participated in group exhibitions such as Generation Why at Rundetårn in Copenhagen and Risør Kunstpark, Kunst·Hånd·Verk and Jeg kaller det kunst at the National Museum, and the Hannah Ryggen Triennale in Trondheim. Her works have been acquired by the Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum and the National Museum in Oslo.